Skype 3.6.0.248

Skype

Skype 3.6.0.248 er ute. Versjonsnotatet kan du lese her

Med Skype kan du ringje gratis til folk i heile verda, tekstsamtale (chatte) og sende SMS, ha videokonferanse og mykje meir.
Skype støttar no høgkvalitetsvideo, oppkopling og søk etter MySpace-brukarar. Du kan og kjøpe ein eigen Skypephone som du sjølvsagt kan ringje gratis med. Les om Skype på Wikipedia.
Skype vert omsett til norsk av Bjørn Svindseth.

1: Last ned Skype 3.6

Klikk eller høgreklikk på fila og følg instruksjonane.

2: Last ned tilhøyrande språkfil:


3: Handsaming av språkfila:

  • Klikk på fila og følg instruksjonane. Om det ikkje verkar, høgreklikk og lagre fila.
  • Opera brukarar: Høgreklikk på fila og vel Lagre målet som …
  • Lagre fila: C: > Programfiler > Skype > Phone
  • Opne fila: Verktøy > Vel språk > Hent eiga språkfil > C: > Programfiler > Skype > Phone
  • Dobbelklikk på fila og vips så er Skype nå norsk.

4. Registrer eit Skype-namn om du ikkje allereie har eit.

For evt. betaversjonar, merknader til omsetjnga og versjonsnotat, m.m., sjå:

iCab 4.0.1


iCab 4.0.1 for Mac er ute. Sjå Norsk iCab-heimeside for instilling av norsk språk (nno og høgnorsk). Sjå skjermbilde av iCab 4.01.

Systemkrav for Cab 4.0.1:

  • Mac med G3, G4, G5 or Intel prosessor
  • Mac OS X 10.3.9 og nyare. Mac OS X 10.4.x eller 10.5.x er tilrådd (nokre små detaljar vil ikkje verke i 10.3.9)

Versjonsnotat:

  • GUI -det grafiske grensesnittet- er no tilgjengeleg på følgjande språk: dansk, norsk, russisk, kinesisk, Japansk, Spansk, tysk og engelsk.
  • Sidan MacOSX 10.4.11 er «Web Inspector» no tilgjengeleg
  • Sidan MacOSX 10.5 er mange nye element for PDF-filer in lokalmenyen tilgjengelege
  • Sidan MacOSX 10.4.11 kan TEXTAREA-felt i nettsider skalerast
  • Det er no mogleg å bruke små ikon i nettlesaren sitt verktøypanel
  • Språkspesifikke sitatteikn er no støtta
  • Mange andre forbetringar
  • Mange feilrettingar

OpenOffice.org 2.3.1

OpenOffice.org er oppdatert til versjon 2.3.1. Det er ikkje noko nytt i denne versjonen, men ein del feil er fiksa.

Sjå og OOo-nedlasting for fleire versjonar.

Opera 9.26

Opera 9 - Innovation delivered
Opera er ute med ei sikkerheits- og stabilitetsoppdatering.

1) Last ned og installer sjølve programmet:

2) Last ned og lagre språkfila

3) Opne språkfila:

  • Gå på Verktøy (Tools) > Innstillingar (Preferences) > Generelt (General)
  • Trykk på Detaljar (Details) og Vel (Choose)
  • Manøvrer deg fram til språkfila du lasta ned og lagra
  • Trykk OK og lat att dialogboksen

Legacy 6.0.0.188

Legacy Family Tree kjem for tida med hyppige oppdateringar. Dette er den fjerde til no i år.

Oppdateringshistoriken finn du her.

Deluxe-brukarar kan laste ned denne oppdateringa ved å bruke lenkja Legacy Start i sjølve programmet. Standard-brukarar kan laste ned programmet her:

Feedreader versjon 3.12

Nyheitslesaren FeedReader er oppdatert til versjon 3.12. Versjonsnotatet les du her.

Slik veljer du språk:

  • Verktøy > Innstillingar (F12) Språk > Norwegian-Nynorsk

Fleire program på Norsk programvare

e-Lector


e-Lector er eit program som gjer det lettare for folk med lesevanskar å lese og skrive.
Du kan prøve programmet gratis i 30 dagar før du kjøper det.

nedlastingssida kan du velje mellom  e-Lector Basic og e-Lector fullversjon.
Les meir om skilnaden på dei ulike versjonane her

Finn ut meir om e-Lector Basic og prisar for dei ulike programversjonane her.

Språk veljer du i installeraren etter at du har lasta han ned. FAQ finn du her.

Heimeside.no


Hos TotalData kan du laste ned programmet Heimeside.no. Heimeside.no er for deg som vil lage nettsider utan å ha forkunnskapar om HTML, CSS og FTP. 1MB gratis lagringsplass er inkludert, men du kan kjøpe meir plass om du treng det. Det finst og ei side for nyttige tips og hjelp .

Last ned
Heimeside.no for Windows på norsk

Firefox 2.0.0.12 – oppdatering

Get Firefox

Firefox har kome med ei sikkerheits- og stabiliseringsoppdatering. Sjå Firefox 2.0.0.12 versjonsnotat (release notes) om du vil ha detaljert informasjon om oppdateringa.

Last ned:


Sjå og:
Firefox.no | Mozilla Norge

Fleire program på Norsk programvare