Dialektspelet

Dialektspelet gjer dialektundervisninga til ein leik både for lærarar og elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule.


Dialektspelet
basert på norske dialektar frå Ivar Aasen-tunet er ute i nytt opplag. Spelet er produsert i samarbeid med Senter for livslang læring.

Kjøp Dialektspelet for PC og Mac.

Ivar Aasen-tunet om Dialektspelet
«Her er spelet for deg som liker å ta folk på dialekten! Spelet inneheld over seksti dialektprøver frå heile landet, og er laga slik at det er lett å greie litt, og svært vanskeleg å greie alt. Møt vanlege folk som sit heime, på kafé, eller er ute i naturen, og snakkar om vanlege og stundom morosame hendingar, slik at spelet blir underhaldande også for dei som ikkje greier å plassere dialektane med ein gong. Spelet er utforma i samråd med dei fremste fagfolka på området, men krev ingen særskilde kunnskapar om norske dialektar hos brukarane. Spelet høver like godt for individuell bruk som for bruk i grupper. Her ligg alt til rette for familie- eller bedriftskonkurransar i dialektkunnskap. Dialektspelet gjer dialektundervisninga til ein leik både for lærarar og elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule.»

Dialektspelet


Dialektspelet er eit eit spel basert på norske dialektar frå Ivar Aasen-tunet. Spelet er produsert i samarbeid med Senter for livslang læring.

Kjøp Dialektspelet her

Ivar Aasen-tunet om Dialektspelet
«Det inneheld over 60 ferske dialektprøver frå heile landet, og er laga slik at det er lett å greie litt, men vanskeleg å greie alt. Spelet høver godt som supplement til målføreundervisninga i ungdomsskule og vidaregåande skule.»