Norsk Nynorsk i appar på iPhone og iPad (iOS)

For dei som vil stille inn iPhone og iPad på Norsk nynorsk:

Operativsystemet er enno ikkje tilgjengeleg på Norsk nynorsk,

Men du kan få enkelte appar på Norsk nynorsk om du legg inn Norsk nynorsk i Innstillinger -> Generelt -> Språk og område.

Trykk på legg til språk… -> Skriv inn Norsk nynorsk i søkjefeltet, trykk på Norsk nynorsk og vel Foretrekker norsk nynorsk. Då vil det på telefonen visast: Oppdaterer språk…

Døme 1 på iPhone
1: Norsk nynorsk
2: Norsk bokmål = iPhone-språk (systemspråk)

Med desse innstillingane vil appar som er tilgjengelege på Norsk nynorsk visast på Norsk nynorsk.

nyNorsk på iPhone, iPad eller iPod (iOS)

9. Norsk nynorsk må alltid liggje øvst i lista for at støtta program skal visast på Norsk nynorsk.
Legg til ‹‹Norsk nynorsk›› øvst i lista for å få omsette appar på nynorsk i iOS.

For å få t.d. appar som  LastPassnynorsk i iPhone, iPad, eller iPod (iOS), må du legga til ‹‹Norsk nynorsk›› øvst i lista under «ØNSKET REKKEFØLGE AV SPRÅK» i «Språk og region» i innstillingane på eininga di.

KJAPP FORKLARING FOR iPhone
Gå på: Instillinger -> Generelt -> Språk og region -> Legg til språk -> Skriv inn: Nynorsk -> Ferdig -> Foretrekk norsk nynorsk -> iPhone oppdaterer språkvalet. 🙂

DETALJERT FORKLARING FOR iPhone
1. Opne «Instillinger», skroll ned og trykk på «Generelt»
2. Skroll ned og trykk på «Språk og region»
3. Trykk på «Legg til språk»
4a Skriv inn Norsk, marker Norsk Nynorsk og trykk på «Ferdig»
ELLER
4b Skriv inn Nynorsk, marker Norsk nynorsk og trykk på «Ferdig»

MERK! Av ein eller annan merkeleg grunn vert resultatet i søket tomt om ein skriv inn «Norsk nynorsk».

5. Trykk på «Foretrekk norsk nynorsk»
6. iPhone oppdaterer språkvalet
7. Menyspråket i appar som LastPass er no Norsk nynorsk.
8. I tillegg vil vekedagane i Kalender visast på Norsk nynorsk.

Merk! Norsk nynorsk i appar på iOS gjeld for dei som har tilgjengeleg omsetjing.

FRAM Billett for iOS og Android

FRAM Billet for Kristiansund kommune på iOS
FRAM Billet for Kristiansund kommune på iOS

«Norsk nynorsk» må alltid liggje øvst i lista for at støtta program skal visast på «Norsk nynorsk».
«Norsk nynorsk» må alltid liggje øvst i lista for at støtta program skal visast på «Norsk nynorsk».

Med Fram Billett kan du kjøpe enkeltbillet til bruk på buss i Kristiansund kommune.

Nedlasting
FRAM Billett i iTunes Preview
FRAM Billett på Google Play

«Fram har fleire mobil-appar under utvikling.»

iPhone-språk
«Norsk nynorsk» må alltid liggje øvst i lista for at støtta program skal visast på «Norsk nynorsk».
Detaljert rettleiing her

 

MR ferjeruter, app for iOS, Android og WP

MR ferjeapp, iOS
MR ferjeapp frå FRAM på iOS

Fram er ute med ein svært funksjonell app for ferjeruter i Møre og Romsdal. Appen inkluderer funksjonar som I nærleiken, Favorittar, Alfabetisk, kartvising og ikkje minst ruteinformasjon i sanntid.

Nedlasting
MR ferjeapp i iTunes Preview
MR ferjeapp på Google Play
MR ferjeapp for Windows Phone

Omtale
NRK MR: Ny app viser om ferja er i rute

Mitt skip er lasta med og andre Artel Larsen-appar på Nynorsk

Artel Larsen sine kortreiste appar får du både på bokmål og nynorsk.

Programma kan nyttast på Windows 8, PC eller nettbrett

I Windows trykkje du på Windows-ikonet i hjørnet og deretter på det grøne Store-ikonet. Skriv til dømes inn «Mitt skip er lasta med», eller «ARTEL Larsen» i søkjefeltet oppe i hjørnet der det står «Søk etter appar».

Appliste her for iPad (og nokre for Androird-nettbrett)

Mitt skip er lasta med frå ARTEL Larsen - nynorsk
Mitt skip er lasta med frå ARTEL Larsen – nynorsk

Mitt skip er lasta med - forklaring
Mitt skip er lasta med – forklaring

Samlaget, barnebok-app

Samlaget barnebøker – app for Android og iOS

Last ned gratis app for Samlaget sine e-bøker for Android og iOS. Boka Unni og Gunni følgjer med gratis. Appen har ei bokhylle for «Mine bøker». Bokhandel-ikonet oppe i venstre hjørnet tek deg til «Samlaget Bokhandel» der bokjøp er gjort på nokre få klikk.

Lenkjer
Samlagets E-bøker
Samlagets barnebøker

Samlaget Barnebøker, Mine bøker
Samlaget Mine bøker

Screenshot_2014-09-06-16-12-36
Samlaget Bokhandel

Leseland – lese-app for born i alderen 4-10

leselandikon.ashxLeseland er ein lese-app for born i alderen 4-10 år utgjeven av Det Norske Samlaget for iPadAndroid og Windows 8 (?).

Sjå LeselandSamlagets kampanjebutikk

«Leseland
er verdas første digitale lettlesserie på nynorsk, og er faktisk den einaste nynorske i sitt slag.»

«Det er ein demokratisk rett å ha lettlesstoff på eige mål, også digitalt, og dette syter Samlaget for no med Leseland

LNK-Nytt: Samlaget-app er Årets utgjeving
Nynorskbok.no: Samlaget, Leseland, omtale av bøkene i appen
Nynorskbok.no: Samlaget: Barnebøker

Dagens Aasen-ord

Dagens Aasen-ord Dagens Aasen-ord er ein elektronisk almanakk med eit ordtak for kvar dag henta frå Norske Ordsprog av Ivar Aasen.  Appen er gratis.

Last ned gratis Dagens Aasen-ord frå Play (Android)

Last ned gratis Dagens Aasen-ord (iOS)

Testa på Samsung Galaxy S3

Artiklar
Aasen på app
Språkfest i nynorske fotspor

Voss Sparebank – app

Voss Sparebank - appMobilappar frå Sparebanken Voss – Info om språkinnstillingar i Android og iPhone

Android
Last ned
Sparebanken Voss mobilapp frå Google Play for Android-telefonar

Appen ser ut til å vere grei, men skjemmest av skrivefeil. Ein treng ikkje å vere språkgeni for å vite at det på nynorsk heiter Kontoar og ikkje Kontoer, Brukarnamn og ikkje Brukernavn. Språkvask tilrådd.

Testa på Samsung Galaxy SII

iPhone
Last ned Sparebanken Voss mobilapp frå App Store/iTunes for  iPhone, iPod touch, og iPad. Krev iOS 4.0 eller høgare.

Mobilbank Sparebanken SF – app for iOS Android og WP

Mobilbank Sparebanken Sogn og FjordaneMobilappar frå Sparebanken Sogn og Fjordane

Android
Last ned
Mobilbank Sparebanken SF på Google Play
Testa på: Samsung Galaxy SII/SIII
Språkinnstillingar:  Vel Nynorsk i innstillingane.
Språkinnstillingar for eldre Android-versjonar: her og her

iPhone
Last ned Mobilbank Sparebanken SF frå iTunes
Krav: iOS 4.0 eller høgare
Testa på: iPhone 6
Språkinnstillingar: Vel Norsk (nynorsk) i Instillingane og legg det øvst i språklista.

Leggje til Norsk (nynorsk) i iPhone og iPad
I iPhone/iPad gå til: Innstillingar -> Generelt ->‹‹Språk og region›› -> ‹‹Legg til språk›› -> Skriv inn: ‹‹Norsk nynorsk›› -> ‹‹Ferdig›› -> ‹‹Foretrekk norsk nynorsk››

Sparebanken SF på YouTube
Sparebanken SF på Google +
(nedlagt april 2019)