Pidgin 2.7.0

Prateklient
pidgin

Pidgin er oppdatert til versjon 2.7.0. Les endringsloggen her.

Pidgin er eit prateprogram. Du kan m.a. bruke det saman med MSN, Yahoo!, Google Talk og ICQ. Programtillegg for Pidgin finn du her. Hjelp finn du her. Programmet køyrer på Windows Linux og andre UNIX-operativsystem. Om du ønskjer Pidgin for Mac kan du prøve Adium

Last ned

Pidgin 2.7.0 for Windows

Språkinnstilling
Pidgin installerer seg (sannsynlegvis) ikkje med korrekt språk på maskina di under Windows, (sjølv om du har installert denne norske LIP-en frå Microsoft,) Løysinga er å opprette miljøvariabelen: PIDGINLANG=nn. I Windows Vista gjer du de slik:

Gå på Start > Kontrollpanel > System og vedlikehald > System > Avanserte systeminnstillingar > Miljøvariablar og Vel Ny.

I Ny brukarvariabel skriv du inn Variabelnamn: «PIDGINLANG» og Verdinamn: «nn» (utan hermeteikn) og klikkar «OK».

Her er ein annan måte å gjere det på:
Kopiere nn-fila -som ligg på C: > Programfiler > Pidgin > locale – over nb-fila. Framgangsmåten er sannsynlegvis nokolunde lik for andre Windows-versjonar

Fullstendig liste over pratenettverk du kan bruke saman med Pidgin

  • AIM
  • Bonjour
  • Gadu-Gadu
  • Google Talk
  • Groupwise
  • ICQ
  • IRC
  • MSN
  • QQ
  • SILC
  • SIMPLE
  • Sametime
  • XMPP – Merk! Denne protokollen kan du bruke for Facebook-prat.
  • Yahoo!
  • Zephyr

Miro 3.0.2

Miro videospelarMiro er oppatert til versjon 3.0.2.

Miro er ein gratis HD-videospelar  tilgjengeleg for Windows, Mac og ymse Linux-distribusjonar. Ei oversikt over alle plattformer Miro er tilgjengeleg på finn du her.

Last ned

Miro 3.0.2 for Windows

Miro 3.0.2 for Mac

Språkinnstilling i Windows
Opprett miljøvariabelen: «MIRO_LANGUAGE» med verdien «nn». Slik gjer du det i Windows Vista:

Gå på Start > Kontrollpanel > System og vedlikehald > System > Avanserte systeminnstillingar > Miljøvariablar

  • Vel Ny.
  • I Ny brukarvariabel skriv du inn Variabelnamn: «MIRO_LANGUAGE» og Verdinamn: «nn» (utan hermeteikn) og klikkar «OK».

Framgangsmåten er sannsynlegvis nokolunde lik for andre Windows- versjonar.

Språkinnstilling for Mac
Lat att Miro og opne System Preferences/Systeminnstillingar. Klikk International/Internasjonal (flagget), klikk Edit List/Rediger Liste. Ta så vekk avkryssinga for alle språka du ikkje ønskjer, kryss av for Norsk (nynorsk) og start Miro på nytt.

Miro 3.0.1

Skype 4.2

Ei norsk (nynorsk) språkfil for Skype 4.2 er no tilgjengeleg.

Med Skype kan du ringje gratis til andre som har programmet installert på datamaskina si. Du kan òg sende lyn– og SMS-meldingar, ha videosamtale. I tillegg støttar Skype høgkvalitetsvideo. Sjå alle funksjonane i Skype her. Info om Skype finn du òg på Wikipedia.

Last ned

Skype 4.2 – for Windows

Last ned språkfila

Norwegian_Nynorsk_4.2.0.169_20100521_svindseth.lang

Korleis handsame språkfila i Windows Vista

  1. -(Høgre) klikk på fila og lagre fila i: C: > Programfiler > Skype > Phone
  2. Opne fila: Verktøy > Vel språk > Hent eiga språkfil > C: > Programfiler > Skype > Phone
  3. Dobbelklikk på fila og vips så er Skype på norsk (nynorsk).

Kome i gang
Logg inn eller registrer eit Skype-namn om du ikkje allereie har eit. I velkomstskjermen får du rettleiing i korleis du brukar Skype.

Aktuelle lenkjer og artiklar
Skype 5.0 beta finn du her

FileZilla 3.3.2.1

FileZilla er ein fri FTP-klient for Windows, Mac og Linux. Tenarversjonen av FileZilla er tilgjengeleg for Windows. Endringsloggen les du her. Språkinnstilling: Endra -> Innstillingar -> Språk -> Vel språk -> Norwegian (Nynorsk) (nn-N)

Last ned klienten

FileZilla 3.3.2.1 for Windows

FileZilla 3.3.2.1 for Mac (Intel)

Andre versjonar finn du her. Tenarversjonen for Windows finn du her.

Skjermbilde av FileZilla

Revo Uninstaller 1.8.8

Revo Uninstaller er eit program for avinstallering av programvare. Programmet hjelper deg med å avinstallere uønskte program som er instalerte på datamaskina di sjølv om du ikkje greier det med kontrolpanelet Avinstaller eller Endre eit program (Vista). Programmet fjernar òg filer som ofte er att etter ei vanleg avinstallering. Revo Uninstaller skal vere raskare enn fuksjonen «Avinstaller eller endre eit program» i Windows Vista. Les meir om hovudfunksjonane i Revo Uninstaller her (engelsk).

Programmet er gratis og fritt for reklame- og spionpram. Revo Uninstaller fungerer med Windows 7, Windows Vista Windows Server, Windows XP og Windows 2000.

Last ned

Revo Uninstaller 1.8.8 – for Windows

Revo Uninstaller for usb-minnepinne (zip-fil) – for Windows

Vel språk under installeringa

Språkval
Alternativ -> Generelt -> Norsk Nynorsk/Norwegian Nynorsk

Oppdateringsvarsel
Revo Uninstaller 1.8.8

Treng du språkfiler?
Du kan laste ned alle språkfilene separat frå denne sida.

µTorrent 2.0.2

Fildeling

µTorrent er oppdatert til versjon 2.0.2 (bygg 19648). Endringsloggen finn du her. Kva er µTP (uTorrent uTP)? Ulike brukarrettleiingar for µTorrent finn du her og Ofte Stilte Spørsmål (FAQ) her. Utsjånaden av µTorrent kan endrast ved å laste ned såkalla «skins».

Du kan oppdatere µTorrent ved å gå på Hjelp > Sjå etter oppdateringar. Har du ikkje programmet frå før på maskina di, lastar du det ned her:

Last ned

µTorrent 2.0.2 – (bygg 19648) for Windows

Vel språk i µTorrent

Treng du ei direktelenkje til språkpakken, finn du det her.

µTorrent 2.0.1

Artikkel: BitTorrent-suksess for «Der ingen skulle tru..»

Døme på nedlastingsstader

  • NRKbeta (Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, Lars Monsen, Holmes Wilson, FBI, Halvseint, Radioresepsjonen, Kometkameratene m.m.)

Merk!
Det er strengt forbode å laste ned innhald med opphavsrett.
Lenkjene ovanfor er døme på lovlege nedlastingsstader.

Opera 10.53

Opera,     the fastest and most secure web browser

Nettlesaren Opera desktop er oppdatert til versjon 10.53. Les utgjevingsmerknadene her. Det er funne alvorlege sikkerheitshol i tidlegare versonar av Opera (sjå artikkel nedanfor). Det er difor svært viktig at du oppdaterer Opera i Hjelp -> Sjå etter oppdateringar

Har du ikkje Opera frå før kan du laste ned siste versjone her:

Last ned

Opera 10.53 – med m.a. norsk (nynorsk) for Windows

Andre versjonar finn du her

Har du Opera på maskina di frå før kan du laste ned siste versjon frå menyvalet Hjelp -> Sjå etter oppdateringar.

Aktuelle artiklar
Sikkerhetshull i Opera (PC World Norge)

Sjå Opera-videoar på YouTube.

Last ned
Skrivebordsbakgrunnar (wallpaper)
Småprogram (widgets)
Drakter (skins)

Opera er ein norskutvikla nettlesar. Meir informasjon om Opera på Wikipedia.

µTorrent 2.0.1 – oppdatering

Fildeling

µTorrent er oppdatert til versjon 2.0.1 (bygg 19248). Endringsloggen finn du her. Kva er µTP (uTorrent uTP)? Ulike brukarrettleiingar for µTorrent finn du her og Ofte Stilte Spørsmål (FAQ) her. Utsjånaden av µTorrent kan endrast ved å laste ned såkalla «skins».

Du kan oppdatere µTorrent ved å gå på hjelp > Sjå etter oppdateringar. Har du ikkje programmet frå før på maskina di, lastar du det ned her:

Last ned

µTorrent 2.0.1 – (bygg 19248) for Windows

Vel språk i µTorrent

Treng du ei direktelenkje til språkpakken, finn du det her.

µTorrent 2.0.1

Artikkel: BitTorrent-suksess for «Der ingen skulle tru..»

Døme på nedlastingsstader

  • NRKbeta (Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, Lars Monsen, Holmes Wilson, FBI, Halvseint, Radioresepsjonen, Kometkameratene m.m.)

Merk!
Det er strengt forbode å laste ned innhald med opphavsrett.
Lenkjene ovanfor er døme på lovlege nedlastingsstader.


VLC Mediaspelar

VLC er ein avansert open kjeldekode-multiplattform mediaspelar for Windows, Mac og Linux. Mediaspelaren les dei fleste lyd- og videoformat som t.d. H.264, Ogg, DivX, MKV, TS, MPEG-2, mp3, MPEG-4, aac, i tillegg til DVD-ar, CD-ar, VCD-ar og ulike direkteoverføringsprotokollar (streaming). Ei fullstendig liste over funksjonane finn du her.

VLC kan òg brukast som ein media-omformar (converter) eller ein tenar for å direkteoverføre (streame) i unicast eller multicast i IPv4 eller IPv6 på nettverk. Meir om siste versjon her. Merk! VLC Mediaspelar er ikkje 100 % omsett til norsk enno, so nokre av menyane vil framleis vere på engelsk.

Last ned

VLC Mediaspelar 1.0.5 for Windows

VLC Mediaspelar 1.0.5 for Mac

Linux-versjonar finn du her

Språkinnstilling
Verktøy -> Innstillingar -> Grensesnitt -> Språk -> Nynorsk