Norsk (nynorsk) språkval i Android

App-språk og tastatur på Norsk (nynorsk)
For at appar som har Norsk (nynorsk) skal kunne vise Norsk (nynorsk) på telefonen/nettbrettet ditt, må du leggje til Norsk (nynorsk) i språkinnstillingane på telefonen/nettbrettet og velje det som standard.
Nedanfor vert det vist korleis du vel Norsk (Nynorsk) app-språk og tastatur i språkinnstillingane.

App-språk
Eining med Norsk (bokmål) eller English som systemspråk:
-> Innstillinger (Settings)
-> Generell styring (General management)
-> Språk (Language)
-> Legg til språk (Add language)
-> Hamburgarmeny: Alle språk (All languages)
-> Skroll ned og vel: Norsk nynorsk.
-> Angi som standard (Set as default)

Tastatur
Dette dømet er frå nettbrettet Samsung Galaxy A7
-> Innstillinger (Settings)
-> Generell styring (General management)
-> Språk og inndata
-> Tastatur på skjerm *Samsung-tastatur
-> Språk og typer
-> Administrer inndataspråk
-> Last ned og vel: Norsk (nynorsk)

No vil du få appar som har Norsk (nynorsk) val på norsk).
No vil du få ordforslag på Norsk (nynorsk) når du skriv i appar, i tillegg til at systemet ikkje overkøyrer det du skriv med Norsk (bokmål).

Dette dømet er henta frå eit Samsung-nettbrett.

Vurdering av Android
Kan appar med Norsk (nynorsk) visast i Android: JA 🙂⁠
Kan Norsk (nynorsk) tastatur stillast inn: JA 🙂⁠
Har Android Norsk (nynorsk) systemspråk: NEI 😦⁠

Skjerp dykk Android. Dette kan gjerast betre!

Reklame

nyNorsk på iPhone, iPad eller iPod (iOS)

9. Norsk nynorsk må alltid liggje øvst i lista for at støtta program skal visast på Norsk nynorsk.
Legg til ‹‹Norsk nynorsk›› øvst i lista for å få omsette appar på nynorsk i iOS.

For å få t.d. appar som  LastPassnynorsk i iPhone, iPad, eller iPod (iOS), må du legga til ‹‹Norsk nynorsk›› øvst i lista under «ØNSKET REKKEFØLGE AV SPRÅK» i «Språk og region» i innstillingane på eininga di.

KJAPP FORKLARING FOR iPhone
Gå på: Instillinger -> Generelt -> Språk og region -> Legg til språk -> Skriv inn: Nynorsk -> Ferdig -> Foretrekk norsk nynorsk -> iPhone oppdaterer språkvalet. 🙂

DETALJERT FORKLARING FOR iPhone
1. Opne «Instillinger», skroll ned og trykk på «Generelt»
2. Skroll ned og trykk på «Språk og region»
3. Trykk på «Legg til språk»
4a Skriv inn Norsk, marker Norsk Nynorsk og trykk på «Ferdig»
ELLER
4b Skriv inn Nynorsk, marker Norsk nynorsk og trykk på «Ferdig»

MERK! Av ein eller annan merkeleg grunn vert resultatet i søket tomt om ein skriv inn «Norsk nynorsk».

5. Trykk på «Foretrekk norsk nynorsk»
6. iPhone oppdaterer språkvalet
7. Menyspråket i appar som LastPass er no Norsk nynorsk.
8. I tillegg vil vekedagane i Kalender visast på Norsk nynorsk.

Merk! Norsk nynorsk i appar på iOS gjeld for dei som har tilgjengeleg omsetjing.