Skype 5.1

Prate- og IP-telefoniprogrammet Skype er ute i versjon 5.1.

Last ned Skype
Skype 5.1 for Windows

Last ned den norske språkfila
Norwegian_Nynorsk_5.1.0.112_20110214_svindseth.lang
(353.18K)

Lagring og opning av Skype-språkfila

  1. Klikk på fila og lagre i: C: > Programfiler > Skype > Phone
  2. Opne fila: Verktøy > Vel språk > Hent eiga språkfil > C: > Programfiler > Skype > Phone
  3. Dobbelklikk på fila og vips så er Skype på norsk (nynorsk).

I andre Windows-versjonar kan frmgangsmåten vere noko annleis.

Kome i gang
Logg inn eller registrer eit Skype-namn om du ikkje allereie har eit. I velkomstskjermen får du rettleiing i korleis du brukar Skype.

Skype
Med Skype kan du ringje gratis til andre som har programmet installert på datamaskina si. Du kan òg sende direktemeldingar (IM) og SMS-meldingar, ha videosamtale. I tillegg støttar Skype høgkvalitetsvideo. Sjå alle funksjonane i Skype her. Info om Skype finn du òg på Wikipedia.

Aktuelle lenkjer og artiklar
Norwegian Norsk (nynorsk) (nn-NO) – Language Files for Skype Norwegian Norsk (nynorsk) (nn-NO)

FileZilla

FTP-klienten FileZilla er ute i versjon 3.3.5.1. Les versjonshistorikk og endringsloggen

Last ned FileZilla på norsk (nynorsk)
FileZilla for Winndows
FileZilla for Mac

Andre versjonar her og her

Språkinnstilling
Endra -> Innstillingar -> Språk -> Vel språk -> Norwegian (Nynorsk) (nn-N)

FileZilla
FileZilla
er ein fri FTP-klient for Windows, Mac og Linux. Tenarversjonen av FileZilla er tilgjengeleg for Windows. Endringsloggen les du her.

Songbird 1.9.3


Mediaspelaren Songbird er ute i versjon 1.9.3. Les versjonsnotatet her
Nytt: CD-ripp for Mac.

Last ned
norsk
(nynorsk) verson av Songbird 1.9.3 for Windows, Songbird 1.9.3 for Mac
Andre (utesta) versjonar finn du her (Linux)

CD-ripp
I Songbird kan du rippe cd-ar i det utmerka formatet FLAC, Ogg Vorbis og WMA.

Funskjonar
Ei oversikt over alle funksjonane finn du her og alle detaljane er her

Lydformat
Songbird spelar lydformata MP3, AAC, Ogg Vorbis, FLAC, Apple Lossless og WMA

Mobilar og MP3-spelarar
Songbird kan du m.a. bruke saman med desse mobilane og desse mp3-spelarane

Utsjånad
Du kan laste ned såkalla fjører (feathers) for å endre utsånaden på Songbird.

Utvidingar
Last ned utvidingar til Songbird

Songbird-installering
Du veljer språk under installeringa

 

 

Pidgin 2.7.10

pidgin

Pidgin er oppdatert til versjon 2.7.10. Endringsloggen finn du her.

Last ned Pidgin 2.7.10 for Windows

Pidgin installer language

Pidgin er eit prateprogram. Du kan m.a. bruke det saman med MSN, Yahoo!, Google Talk og ICQ. Programmet køyrer på Windows, Linux og andre UNIX-operativsystem. Om du ønskjer Pidgin for Mac kan du prøve Adium

Hjelp
Få hjelp her.

Programtillegg
Hent programtillegg her.

Pratenettverk du kan bruke i Pidgin
XMPP-protokollen kan du bruke til Facebook-prat.
AIM, Bonjour, Gadu-Gadu, Google Talk, Groupwise, ICQ, IRC, MSN, QQ, SILC, SIMPLE, Sametime, Zephyr. Yahoo!

Språkinnstilling
Om Pidgin ikkje installerer seg med korrekt språk på maskina di under Windows, (sjølv om du har installert t.d. denne norske LIP-en frå Microsoft), er løysinga å opprette miljøvariabelen: PIDGINLANG=nn. I Windows Vista gjer du de slik: Gå på Start > Kontrollpanel > System og vedlikehald > System > Avanserte systeminnstillingar > Miljøvariablar og Vel Ny. I Ny brukarvariabel skriv du inn Variabelnamn: «PIDGINLANG» og Verdinamn: «nn» (utan hermeteikn) og klikkar «OK».
Her er ein annan måte å gjere det på:
Kopiere nn-fila -som ligg på C: > Programfiler > Pidgin > locale – over nb-fila. Framgangsmåten er sannsynlegvis nokolunde lik for andre Windows-versjonar

VLC 1.1.7


Mediaspelaren VLC er ute i versjon 1.1.7. Endringsloggn finn du her.

Last ned VLC på norsk (nynorsk)
VLC Mediaspelar 1.1.7 for Windows

Versjonar for Mac og Linux m.m. finn du her

Språkinnstilling
Verktøy -> Innstillingar -> Grensesnitt -> Språk -> Nynorsk

VLC er ein avansert open kjeldekode-multiplattform mediaspelar for Windows, Mac og Linux. Mediaspelaren les dei fleste lyd- og videoformat som t.d. H.264, Ogg, DivX, MKV, TS, MPEG-2, mp3, MPEG-4, aac, i tillegg til DVD-ar, CD-ar, VCD-ar og ulike direkteoverføringsprotokollar (streaming). Ei fullstendig liste over funksjonane finn du her.

VLC kan òg brukast som ein media-omformar (converter) eller ein tenar for å direkteoverføre (streame) i unicast eller multicast i IPv4 eller IPv6 på nettverk. Merk! VLC Mediaspelar er ikkje 100 % omsett til norsk enno og nokre av menyane vil difor vere på engelsk.