VLC mediespelar på Norsk (Nynorsk)

VLC som du finn på nettstaden videolan.org, er ein «fri og open kjeldekode, fleirplattforms-mediespelar og rammeverk som spelar av dei fleste multimediefiler, samt DVD-ar, lyd-CD-ar, VCD-ar, og diverse strøymeprotokollar.»

Last ned VLC mediespelar

Merk! VLC mediespelar på Norsk (nynorsk) er enno ikkje 100 % omsett. Du vil difor kunne finne nokre menyar som framleis er på engelsk.

På denne nettstaden forklarar dei korleis du kan spele av blu-ray-plater i VLC:
https://vlc-bluray.whoknowsmy.name/

Reklame

SMPlayer på Norsk (nynorsk)

SMPlayer er ein gratis mediespelar med innebygde kodekar. Han spelar (nesten) alle lyd- og videoformat, og har no støtte for Cromecast.

Last ned SMPlayer for Windows, LInux og Mac på smplayer.info/downloads

Språkinnstillingar: Innstillingar -> Grensesnitt -> Språk: Norwegian nynorsk (nn-NO)

Merk! SMPlayer på Norsk (nynorsk) er enno ikkje 100 % omsett. Du vil difor kunne finne nokre menyar som framleis er på engelsk.

SMPlayer 21.10.0 på Norsk (nynorsk)

Telegram på Norsk (nynorsk)

Telegram Messenger er ei sky-basert direktemeldings-, videokonferanse- og IP-telefoni-teneste med ende-til-ende-kryptering for hemmelg chatt for mobile einingar som Android, IOS, Windows Phone, UbuntuTouch og datamaskiner med Windows, macOS og Linux.
(Info henta frå Wikipedia på svensk)

Følg denne lenka og du får du Telegram-appen/programmet på Norsk (nynorsk):

https://t.me/setlanguage/norsk-nynorsk

Telegram lastar du ned her:

https://telegram.org/

Om Tegram på engelsk Wikipedia

Merk! Telegram på Norsk (nynorsk) er enno ikkje 100 % omsett. Du vil difor kunne finne nokre menyar som framleis er på engelsk.