Firefox oppdatert til versjon 2.0.0.8

Get Firefox
Firefox er no oppdatert til versjon 2.0.0.8 og ein del sikkerheitshol er retta. Last ned Firefox 2.0.0.8 for Windows Mac og Linux:

Firefox 2.0.0.8 er no kompatibel med Mac OS X 10.5 (Leopard), sjølv om der enno er nokre problem som har med enkelte media-programtillegg (plug-ins) å gjere.

Fleire program på Norsk programvare

Reklame

Opera oppdatert til versjon 9.24

Opera 9 - Innovation delivered
Opera Software har sleppt ein ny versjon av nettlesaren sin der to sikkerheitshol er retta.

Det mest alvorlege holet har med brukarar som les e-post og nyheitsgrupper med eit anna program enn Opera. Holet i Opera kan føre til at tredjeprogrammet vert køyrt på feil måte. Dette kan føre til at ein angripar får høve til å køyre skadeleg kode på pc-en

Det andre holet gjeld surfing på nettsider som bruker rammer («frames»). Dersom brukaren surfar mellom rammer i ulike nettsider, kan skript i den eine ramma overskrive funksjonar i den andre.

Legacy family Tree 6.0 på norsk

Slektsprogrammet Legacy Family Tree 6.0 er no kome på norsk (nn-NO og nb-NO) i to versjonar, ein Standard Edition og ein Deluxe Edition. Standard Edition er gratis, medan Deluxe Edition kostar 29,95 $.



Fleire program på Norsk programvare