Laste ned nettsider i Firefox for iOS

Tips: Last ned appen Files frå App Store, om du ikkje har han frå før.

1: Ta skjermbilde:

Hald inne heim- og side-knappen samstundes, og slepp.

2: Klikk på skjermbildet nede i venstre hjørne.

3: Vel: Full Page/Heil nettside.

4: Vel: Done/Ferdig

5: Vel: Save PDF to Files/ Lagre PDF til Files

eller

6: Vel ikonet med pil på oppe i høgre hjørnet.

Ta eit skjermbilde: Hald inne heim- og side-knappen samstundes, og slepp.

Firefox Quantum

Firefox Quantum (57)Firefox Quantum (57) er lansert på norsk (både nynorsk og bokmål), og over 90 andre språk. (15:00 CET, tysdag 14. november 2017)

Alle variantane finn du her:
Windows 64-bit – Windows 32-bit – macOS Linux 64-bit Linux 32-bit

Aktuelt
Introducing the New Firefox: Firefox Quantum

I dag kan du laste nye Firefox som er dobbelt så rask som forrige utgave

Firefox Focus for iOS på norsk

 

Firefox Focus for iOS på Norsk Norwegian (Nynorsk)
Firefox Focus for iOS på norsk

 

Namn: Firefox Focus
System: iOS
Type: Privat nettlesing
Versjon: 3.1
Språk: Norsk – både nynorsk og bokmål – er inkludert frå og med versjon 3.1.
Meir info: iTunes Preview
Nedlasting: App Store på iPhone/iPad
Merknad: For at norske menyar skal visast må du leggje inn Norsk (nynorsk) i innstillingane på iPhone og iPad.

 

Korleis vise nynorsk i appar på iPhone og iPad
Generelt -> Språk og region -> Legg til språk -> Norsk nynorsk -> Ferdig -> Foretrekk norsk nynorsk. Detaljert forklaring med skjermbilde

firefoxfocus3.1nnno_02firefoxfocus3.1nnno_03firefoxfocus3.1nnno_04

Vivaldi eit alternativ til Opera

Namn: Vivaldi
Nedlasting: Vivaldi.com
Type: Nettlesar
Norsk på nynorsk: Ja støtte i nettlesaren, men berre bokmål på vivaldi.com
Operativsystem: Windows, Mac og Linux

Delar av Opera Software vart sommaren 2016 seld til Kina og nettlesaren Opera vil ikkje lenger støtte norsk (nn-NO). Vivaldi kan vere eit godt alternativ for Opera- og Chrome-brukarar, sidan ingen av dei to støttar norsk på nynorsk, berre klokkardansk bokmål.

Andre nettlesarar: Firefox, Edge

Firefox for iOS verdslansert

Firefox for iOS
Firefox for iOS

Firefox for iOS er no lansert i heile verda for iPhone, iPad og iPod:

Firefox Users Can Now Choose Their Favorite Browser on iOS (The Mozilla Blog)

Du kan laste ned Firefox direkte frå App Store på mobilen din, eller få ei førehandsvising av Firefox for iOS på iTunes Preview

Denne videoen Get Firefox for iPhone, iPad and iPod touch fortel deg om nettlesaren, og det fyrste du sannsynlegvis vil gjere etter nedlastinga av Firefox for iOS, nemleg å synkronisere historikk, passord og bokmerke.

Elles må du hugse å leggje til norsk nynorsk øvst i språklista på mobilen eller nettbrettet ditt.

Legg til ‹‹Norsk nynorsk›› på iOS-eininga di
For å få Firefox for iOS på nynorsk på eininga di, må du leggje til «Norsk nynorsk» i «Instillinger» -> «Generelt» -> «Språk og region» -> «Legg til språk».

Skriv inn: «Norsk nynorsk» -> Trykk på: «Foretrekk norsk nynorsk».

Ei lengre forklaring finn du på Norsk nynorsk i appar på iOS

«Norsk nynorsk» må alltid liggje øvst i lista for at støtta program skal visast på «Norsk nynorsk».
«Norsk nynorsk» må alltid liggje øvst i lista for at støtta program skal visast på «Norsk nynorsk».

Firefox 38 nettlesar for Windows, Mac og Linux, på Norsk Norwegian (Nynorsk)

VEL SJØLVSTENDE – VEL FIREFOX!

Firefox 38 Desktop for Windows (direkte nedlastingslenkje),  Mac (direkte nedlastingslenkje), og Linux/Linux 64 (direkte nedlastingslenkjer), er ute i norsk på nynorsk-versjon.

Les versjonsnotatet for Firefox 38 Desktop.

Aktuelle lenkjer
Firefox 38.0 systemkrav
Nedlasting
Installering – Mozilla Support er ei fellesside for brukarstøtte på bokmål og nynorsk. Om du har lyst til å omsetje artiklar er det berre å melda seg på.
Tilpassing

– Ikkje alle Mozila-nettsider finst på Norsk Norwegian (Nynorsk) nn-NO. Om du kunne tenkja deg å vera med å omsetja,
kontakt:
bsvinds «krøllalfa» online «punktum» no

Firefox.no – Samskipnad for Mozilla-produkt i Noreg,

Aktuelle artiklar
Firefox tar i bruk omstridt DRM

Du kan laste ned direkte ein DRM-fri Firefox 38 norsk på nynorsk-versjon frå denne sida Skroll ned …
nn-NO = Norsk Norwegian (Nynorsk)

Firefox 31 Desktop på Nynorsk

Siste Firefox Desktop for alle plattformer
1: Alle Nynorske versjonar – 2: Alle lokaliserte språkversjonar


Firefox 31 Desktop er ute på Norsk Norwegian (Nynorsk) for Windows , Mac og Linux, Linux64 

Nynorskversjonen har fått ei språkleg revidering og oppdatering. Men nokre feil og innkonsekvensar kan framleis vera der.

Ordlister
Norsk nynorsk ordliste
Norsk bokmål og nynorsk ordliste
Ordlister på andre mål

Firefox-menyMeny
Meny finn du i høgre hjørnet.
Trykk «Alt» i Windows for å få visa og gøyma «Menylinje»  -> Fil – Rediger – Vis – Historikk – Bokmerke – Verktøy – Hjelp.

 Blogg
Mozilla Norge Forening for Mozilla-produkter i Norge

Opera 12

Opera, the fastest and most secure web browser

Siste utgåve av nettlesaren Opera er versjon 12
Endringslogg for Mac, Unix og Windows

Last ned Opera 12

WindowsOS X Mac Linux og andre versjonar


Opera på Norsk – Norwegian (Nynorsk)  i Mac

Sidan det er mange språk i verda som OS X ikkje støttar, må ein laste ned, lagre og opne språkfiler manuelt.

1: Frå sida Opera browser language file, må du laste ned og lagre språkfila Norwegian (Nynorsk) 12.00
2: Gå deretter på Opera -> Instillingar -> Språk -> Detaljar -> Vel -> Vel språkfil.
3: Manøvrer deg fram til der du lagra språkfila for Norsk – Norwegian (Nynorsk) og opne henne. Opera er då på Norsk – Norwegian (Nynorsk).

Meir om språkendringar i Opera her

Windows-installering og språkval – klikk for større bilde

1: Trykk ‹‹Val››
Opera-installering

2: Under Språk veljer du Norsk (nynorsk) i nedtrekksmenyen

Opera språkval i Windows
3: Trykk ‹‹Godta og installer››

Last ned
Opera-bakgrunnar (wallpapers)
Opera småprogram (widgets)
Opera-drakter (skins)

YouTube
Sjå Opera-videoar på operasoftware

Firefox 14

Download: Fast, Fun, Awesome

Firefox 14 er tilgjengeleg på Norsk – Norwegian (Nynorsk).
Utgjevingsmerknader for Fx.14
Nytt: Google-søk nyttar no HTTPS, fullskjermstøtte for OS X Lion implementert, Utvidingar kan no konfigurerast til å kun laste på klikk (krev ei about: config endring)

Last ned Firefox 14
for  Windows  OS X Mac OS  og  Linux  på Norsk – Norwegian (Nynorsk)

Tips og triks
Firefox-tips

Utvidingar
Xmarks, LastPass, Norsk Nynorsk Ordliste, nynorskvg, FoxLingo Translator/Dictionary, fleire utvidingar

Aktuelle artiklar
Mozilla Firefox på digi.no, Firefox på IT-avisen.no

Oppdateringar
Firefox vert oppdatert automatisk i bakgrunnen. Du kan kan stille inn korleis Firefox skal handsame desse oppdateringane i:
Firefox/Verkty -> Innstillingar -> Avansert -> Oppdatering