Prateklient

Pidgin 2.6.5 for Windows er ute. Endringslogg for denne versjonen finn du her. Programtillegg for Pidgin finn du her. Hjelp finn du her.
Prateprogrammet Pidgin kan du m.a. bruke saman med MSN, Yahoo!, Google Talk og ICQ.
Prateklienten/Lynmeldingsprogrammet køyrer på Windows Linux og andre UNIX-operativsystem. Om du ønskjer Pidgin for Mac kan du prøve Adium
Last ned:
Pidgin 2.6.5
Språkinnstilling
Pidgin installerer seg (sannsynlegvis) ikkje med korrekt språk på maskina di under Windows Vista,
(sjølv om du har installert denne norske LIP-en frå Microsoft,)
Løysinga er å opprette miljøvariabelen: PIDGINLANG=nn
Gå på: Start > Kontrollpanel > System og vedlikehald > System > Avanserte systeminnstillingar > Miljøvariablar
- Vel Ny. I Ny brukarvariabel skriv du inn Variabelnamn: «PIDGINLANG» og Verdinamn: «nn» (utan hermeteikn) og klikkar «OK».
eller
- Kopiere nn-fila -som ligg på C: > Programfiler > Pidgin > locale – over nb-fila.
Framgangsmåten er sannsynlegvis rimeleg lik for Windows XP
Fullstendig liste over pratenettverk du kan bruke saman med Pidgin
- AIM
- Bonjour
- Gadu-Gadu
- Google Talk
- Groupwise
- ICQ
- IRC
- MSN
- QQ
- SILC
- SIMPLE
- Sametime
- XMPP – Merk! Denne protokollen kan du bruke for Facebook-prat.
- Yahoo!
- Zephyr