IOS

«Norsk nynorsk» må alltid liggje øvst i lista for at støtta program skal visast på «Norsk nynorsk».
Legg til ‹‹Norsk nynorsk›› øvst i lista for å få omsette appar på nynorsk i iOS. Kva språk som skal vere nr. 2 veljer du sjølv. Ovanfor er Norsk bokmål valt som døme på operativsystemspråk.

Korleis vise Norsk på nynorsk i appar på iPhone og iPad

Innstillinger -> Generelt -> Språk og region -> Legg til språk -> Norsk nynorsk -> Ferdig -> Foretrekk norsk nynorsk

Merk! Norsk Nynorsk må liggje øvst i lista for at omsette appar skal visast på Norsk Nynorsk. Kva du veljer som telefonspråk, som nummer to i lista, er sjølvsagt opp til deg.

Om iOS
Sjølve operativsystemet iOS finst ikkje på Norsk Nynorsk, men du kan få enkelte omsette appar som LastPass og Firefox på Norsk Nynorsk på iPhone og iPad.

Detaljert forklaring
Forå å vise nynorsk i omsette appar som Firefox FocusFirefox for iOS eller LastPass, må du leggje inn «Norsk nynorsk» i innstillingane på iPhone og iPad.

iPhone 6
1. Opne «Instillinger», skroll ned og trykk på «Generelt»
2. Skroll ned og trykk på «Språk og region»
3. Trykk på «Legg til språk»
4a Skriv inn «Norsk», marker «Norsk Nynorsk» og trykk på «Ferdig»
ELLER
4b Skriv inn «Nynorsk», marker «Norsk nynorsk» og trykk på «Ferdig»

MERK! Av ein eller annan grunn vert resultatet i søket tomt om ein skriv inn «Norsk nynorsk».

5. Trykk på «Foretrekk norsk nynorsk»
6. iPhone oppdaterer språkvalet
7. Menyspråket i appar som «LastPass» er no «Norsk nynorsk».
8. I tillegg vil vekedagane i «Kalender» visast på «Norsk nynorsk»

Skjermbilde for iPhone 6

Reklame

2 thoughts on “IOS

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s