Legacy 7.0.0.83

Det har kome (endå) ei ny oppdatering av Legacy 7 (bygg 7.0.0.83).

Deluxe-utgåva

Dei som har Deluxe-utgåva kan anten oppdatere programmet ved å bruke lenkja på Legacy Start eller laste ned oppdateringa her

Standard-utgåva

Dei som har Standard-utgåva kan laste ned oppdateringa her

Reklame

Norske ordlister for Firefox


denne sida for utvidingar finn du ordlister, laga av Håvar I. Henriksen, for nettlesaren Firefox.
Du kan anten laste ned ein pakke som inneheld  norsk (nynorsk) eller ein pakke med både nynorsk og bokmål.

Last ned norske ordlister for Firefox
Norsk Nynorsk ordliste
for nettlesaren Firefox
Norsk Bokmål og Nynorsk ordliste
for nettlesaren Firefox

Høgreklikkar du i ein tekst du redigerer, får du opp ein meny der du kan slå av og på stavekontrollen.

Norsk ordbok for Mac

Denne pakken inneheld Nynorsk- og bokmålsordboka og er eit småprogram/miniprogram (widget) for Mac. Programmet går under namnet Norwegian Dictionary. Systemkrav: Mac OS X 10.4 eller nyare og Internett-samband

Last ned

Norsk ordbok – for Mac

Merk! Lenkja til småprogrammet (widgeten) på Apple sine sider er daud.
Veit du noko om kva som har skjedd med småprogrammet/widgeten, kan du skrive ein kommentar til dette innlegget nedanfor.

Mvh
Bjørn I.
Norsk programvare

norsk_ordbok

Legacy 7.0.0.81

Det har kome ei ny oppdatering av Legacy 7 (bygg 7.0.0.81).

Deluxe-utgåva

Dei som har Deluxe-utgåva kan anten oppdatere programmet ved å bruke lenkja på Legacy Start eller laste ned oppdateringa her

Standard-utgåva

Dei som har Standard-utgåva kan laste ned oppdateringa her

Firefox 2.0.0.20

Det har kome ei ekstra oppdatering av Firefox 2 som rettar ein ukritisk feil i Windows-versjonen.

Det er òg den siste utgåva av Firefox 2. Ein oppmodar alle brukarar å oppgradere til Firefox 3. Les merknader til utgjevinga her

Last ned:

Firefox 2.0.0.20

Firefox 2.0.0.20

Firefox 2.0.0.20

Merk! Tenesta for svindel-vern vil ikkje lenger vere tilgjengeleg for Firefox 2-brukarar. Firefox 3 har ei gratis teneste for vern mot svindel og styggvare (malware). Gratis-tenesta i Firefox 3 vil halde fram med å verne deg mot åtak.

Firefox. 2.0.0.19

Firefox. 2.0.0.19 er ute. Dette er ei stabilitets- og sikkerheitsoppdatering. Det er òg den siste utgåva av Firefox 2. Ein oppmodar alle brukarar å oppgradere til Firefox 3. Merknader til utgjevinga les du her og om kjende problem her

Last ned:

Firefox 2.0.0.19

Firefox 2.0.0.19

Firefox 2.0.0.19

Merk! Tenesta for svindel-vern vil ikkje lenger vere tilgjengeleg for Firefox 2-brukarar. Firefox 3 har ei gratis teneste for vern mot svindel og styggvare (malware). Gratis-tenesta i Firefox 3 vil halde fram med å verne deg mot åtak.

Opera 9.63


Opera har kome med ei sikkerheit- og stabiliseringsoppdatering.
Endringsloggar: Windows og Mac

Last ned:

Opera 9.63

Opera 9.63

Andre operativsystem

Språkfiler

Språkfilene er kompatible med Windows eller Linux-versjonar av Opera. I Opera for Mac er filene installert på førehand i den internasjonale versjonen.
Språkfiler for Opera finn du her
Følg instruksjonane her

Firefox 3.1 Beta 2

Firefox 3.1 Beta 2 er ute med mellom anna Privat nettlesing og «multitouch gestures». Merknader til utgjevinga les du her og om kjende problem her.

Privat nettlesing
Ein av dei nye funksjonane er altså Privat nettlesing. Funksjonen finn ein under Verktøy. Om du veljer dette moduset, vil følgjande skje:

Ingen historikk vert loggført av Firefox i denne nettlesarøkta. Dette gjeld nettlesarhistorikk, søkjehistorikk, nedlastingshistorikk, skjema, infokapslar og mellombelse Internett-filer. Merk at filer du lastar ned og bokmerker du lagar vil bli tatt vare på.

For å avslutte Privat nettlesing fjernar du avkryssinga frå Verktøy > Privat nettlesing.

«Multitouch gestures»
I januar i år kom Apple med «multitouch gestures» på dei berbare maskinene sine. Firefox 3.1 Beta 2 støttar «multitouch gestures»:

Drag mot venstre > Tilbake i netlesarhistorikken
Drag mot høgre > Framover i nettlesarhistorikken

Drag oppover > Gå til toppen av nettside
Drag nedover > Gå til botnen av nettside

Knipe saman > Skalere

Rotere > Neste/Førre fane

Merk! Ein kan ikkje rekne med at alle utvidingane verkar i denne beta-versjonen.

Last ned :

Firefox 3.1 Beta 2

Firefox 3.1 Beta 2

Firefox 3.1 Beta 2

Alle dei over 50 tilgjengelege språkversjonane av Firefox Beta 2 finn du her

Aktuell artikkel: Firefox får nytt fanesystem (ITavisen)

Songbird 1.0

Songbird 1.0 er ute. Dette er alternativet du har venta på til iTunes. Programmet har mange utvidingar og tillegg. Songbird er støtta av Mozilla.

Songbird er enno ikkje er heilt ferdig og derfor i stadig utvikling. Dette gjeld òg omsetjingane.

Av utvidingar har ein t.d. LyricMaster som leitar opp tekst til sporet du spelar. Teksten kan lagrast og lett hentast fram neste gong du spelar av same sporet.

Elles kan ein nemne funksjonen med import av spelelister og songar frå iTunes-biblioteket. Songbird har òg støtte for iPod.

Last ned:

Songbird 1.0

Songbird 1.0

Songbird 1.0 (i686)

Songbird 1.0 (x86_64)


Innstilling av språk

Fil > Språk > Noregian Nynorsk (Norway)