Windows 8/RT på norsk (nynorsk)

Dersom du har Windows 8 på bokmål, engelsk (USA) eller engelsk (Storbritannia), kan du laste ned ein nynorsk språkpakke ( Engelsk: LIP = Language Interface Pack). Denne pakken gir deg eit delvis omsett brukargrensesnitt for dei mest brukte områda i Windows 8/RT.

Her finn du meir info: Språkpakkar for Windows 8/Windows RT

Du kan òg gå direkte til: Nedlastingsdetaljar: Windows 8 LIP

Hjelpesider
Leggje til eit språk – her veljer du norsk (nynorsk)
Leggje til tastaturoppsett – her veljer du norsk (nynorsk)

Windows 7 – LIP

Windows 7 Home Premium UpgradeDette er ein Norsk – Norwegian (nynorsk) språkgrensesnittpakke for Windows 7 – også kalla LIP – Language Interface Pack.

Har du Windows 7, Norsk Norwegian (bokmål) på maskina di kan du installere denne språkpakken.

Last ned Norsk Norwegian (nynorsk) språkgrensesnittpakke (LIP) for Windows 7

Installerer du denne språkpakken får du mellom anna Internet Explorer 9 og Windows Media Player på Norsk – Norwegian (nynorsk)

Om du ønskjer å oppgradere til Windows 7 og vil finne ut om installert Windows-versjon og maskina di tilfredsstiller krava, kan du laste ned og køyre Windows 7 Upgrade Advisor. På denne sida kan du samanlikne dei ulike Windows 7-versjonane.

Windows Vista og XP – norsk språkpakke – LIP

Med denne pakken får du dei viktigaste menyane i Windows Vista på norsk (nynorsk)

Last ned

Du må ha norsk (nb-NO) Windows Vista på maskina di for å bruke denne språkpakken. Klikk på lenka ovanfor og følg instruksjonane.

Tastatur
Det er lurt å leggje til tastaturet Norsk, nynorsk (Norge) om du ikkje har det frå før.

Språklinje
Slik gjer du det: Gå på Start > Kontrollpanel > Klokke, språk og område > Endre tastatur- eller andre inndatametodar > Tastatur og språk > Endre tastatur > Generelt. Trykk på Legg til og vel Norsk nynorsk, (Norge)

Windows XP – LIP

For å bruke den norske språkpakken (LIP) for Windows XP må du ha ein ekte versjon av operativsystemet på bokmål med Service pack2 (SP 2) installert på maskina di. Hugs å installere tastaturet Norsk (nynorsk) Noreg.

Validere, laste ned og lagre:

Windows XP – norsk språkgrensesnittpakke