Netvibes

Netvibes kan du lage di eiga startside – offentleg og/eller privat- ved å (re)mikse innhaldet på nettet. Du kan leggje til modular og dele dei, RSS-kjelder, e-postkontoar, småprogram osb. Ulike tema kan du velje eller lage sjølv. Faner kan du leggje til og dele gjennom Netvibes økosystem og mykje meir.
Prøv Netvibes her.

Gjer ABC Startsida til di startside

ABC Startsida er ei heilt grei og fanmilievenlegg startside. Du kan òg leggje ei søkjebrute på di eiga nettside. Les meir om ABC Startsida her. Slik gjer du ABC Startsida til di startside i Firefox, Opera og Internet Explorer:

Firefox

1: Gå på Verktøy >Innstillingar

verktøy_innstillingar
2: Menyen «Innstillingar» kjem opp:

innstillingar_abc_startsida

3: Klikk på menyen «Hovudside»

4: Om du allereie er på «http://www.startsida.no», klikkar du på «Bruk open nettside» og deretter «OK».

eller

skriv inn «http://www.startsida.no» i feltet «Adresse» og klikk «OK»


Opera

1: Gå på «Verktøy« > «Innstillingar»

verktøy_innstillingar

2: Menyen «Innstillingar …» kjem opp:

innstillingar_bruk_denne_sida

3: Trykk på «Bruk denne sida» og «OK»


Internet Explorer

1: Gå på «Verktøy» > «Alternativ for Internett»

verktøy_alternativ_for_internett

2: Menyen «Alternativ for Internett» kjem opp

alternativ_for_internett

3: Trykk på «Bruk gjeldande»