VLC mediespelar på Norsk (Nynorsk)

VLC som du finn på nettstaden videolan.org, er ein «fri og open kjeldekode, fleirplattforms-mediespelar og rammeverk som spelar av dei fleste multimediefiler, samt DVD-ar, lyd-CD-ar, VCD-ar, og diverse strøymeprotokollar.»

Last ned VLC mediespelar

Merk! VLC mediespelar på Norsk (nynorsk) er enno ikkje 100 % omsett. Du vil difor kunne finne nokre menyar som framleis er på engelsk.

På denne nettstaden forklarar dei korleis du kan spele av blu-ray-plater i VLC:
https://vlc-bluray.whoknowsmy.name/

Reklame

SMPlayer på Norsk (nynorsk)

SMPlayer er ein gratis mediespelar med innebygde kodekar. Han spelar (nesten) alle lyd- og videoformat, og har no støtte for Cromecast.

Last ned SMPlayer for Windows, LInux og Mac på smplayer.info/downloads

Språkinnstillingar: Innstillingar -> Grensesnitt -> Språk: Norwegian nynorsk (nn-NO)

Merk! SMPlayer på Norsk (nynorsk) er enno ikkje 100 % omsett. Du vil difor kunne finne nokre menyar som framleis er på engelsk.

SMPlayer 21.10.0 på Norsk (nynorsk)

Telegram på Norsk (nynorsk)

Telegram Messenger er ei sky-basert direktemeldings-, videokonferanse- og IP-telefoni-teneste med ende-til-ende-kryptering for hemmelg chatt for mobile einingar som Android, IOS, Windows Phone, UbuntuTouch og datamaskiner med Windows, macOS og Linux.
(Info henta frå Wikipedia på svensk)

Følg denne lenka og du får du Telegram-appen/programmet på Norsk (nynorsk):

https://t.me/setlanguage/norsk-nynorsk

Telegram lastar du ned her:

https://telegram.org/

Om Tegram på engelsk Wikipedia

Merk! Telegram på Norsk (nynorsk) er enno ikkje 100 % omsett. Du vil difor kunne finne nokre menyar som framleis er på engelsk.



Nynorsk språkval i Android

Vurdering av Android
Har Android Norsk (nynorsk) systemspråk: NEI 😦⁠
Kan appar med Norsk (nynorsk) visast i Android: JA 🙂⁠
Kan Norsk (nynorsk) tastatur stillast inn: JA 🙂⁠

For at appar med omseting til norsk (nynorsk) skal kunne vise norsk (nynorsk på telefonen/nettbrettet ditt, må du leggje til Norsk (nynorsk) i språkinnstillingane på telefonen/nettbrettet og leggje det øvst i språklista. Nedanfor vert det vist korleis du vel Norsk (Nynorsk) appspråk og tastatur i språkinnstillingane.

Innstilling av appspråk
Innstillinger -> Generell styring -> Språk og inndata -> Språk -> hamburgarmeny -> Alle språk -> Vel: Nynorsk (Noreg)

Innstilling av Norsk (nynorsk) tastatur
Innstillinger -> Generell styring -> Språk og inndata -> Tastatur på skjerm
*Samsung-tastatur -> Språk og typer -> Administrer inndataspråk -> Last ned og vel: Norsk (nynorsk)

No vil du få appar som har omsetjing på Norsk (nynorsk).
No vil du få ordforslag på Norsk (nynorsk) når du skriv i appar, i tillegg til at systemet ikkje overkøyrer det du skriv med bokmål.

Dette dømet er henta frå eit Samsung-nettbrett.

Microsoft-konto/OneDrive-språkval

Vil du ha Microsoft OneDrive.live og Microsoft-kontoen din på nynorsk?
Her er ein måte å gjere det på:
Trykk på tannhjul-innstillingane oppe i høgre hjørne i OneDrive.
Trykk så på Norsk (Bokmål) og vel nynorsk (Noreg) i menyen som kjem opp.
Om du har gjort det rett skal det oppe i høgre hjørnet på OneDrive sjå ut som på bildet nedanfor.



Vy med nynorsk språkval

Hei, kvar vil du reise?

nettsidene til Vy, under menyen «Language» kan du no velje mellom «Bokmål», «Nynorsk» og «English». Alt innhald er tilgjengeleg på Bokmål og engelsk, medan for Nynorsk er noko av innhaldet tilgjengeleg.

Aktuell artikkel frå Framtida.no:
No kan du bestille noregsferien din på nynorsk

Enkel nynorsk ordliste frå Samlaget og Lingofy

Enkel nynorsk ordliste frå Samlaget og Lingofy
Enkel nynorsk ordliste frå Samlaget og Lingofy

Enkel nynorsk ordliste frå Samlaget og Lingofy fungerer på alle datamaskiner og har programtillegg for:

Microsoft Word 2016 eller nyare (Windows og Mac),
Google Docs, Google Chrome,
Mozilla Firefox (Windows, Mac og Chromebook)
Apple Safari

Lingofy er for enkeltbrukarar. Tansa er for fleirbrukarar. (Sjå første lenke nedanfor)

Nynorsk retteprogram: Enkel nynorsk ordliste – digital utgåve Samlaget 1.250 kr

Lingofy – Enkel ordliste frå Samlaget

Ordrik gratis til 20.06.2020

Ordrik frå Nynodata med gratis lisens fram til 20. juni for Windows, Mac og Linux. Last ned programmet her: http://dl.nynodata.no/download/ordrik2/eval/

P.S. I Ordrik -> Innstillingar -> Rediger -> Språkmal nynorsk, kan du velje mellom konservativ, moderat, og radikal nynorsk.

Nynorsk ordbok med stilkontroll (LNK-Nytt)