Norsk Nynorsk i appar på iPhone og iPad (iOS)

For dei som vil stille inn iPhone og iPad på Norsk nynorsk:

Operativsystemet er enno ikkje tilgjengeleg på Norsk nynorsk,

Men du kan få enkelte appar på Norsk nynorsk om du legg inn Norsk nynorsk i Innstillinger -> Generelt -> Språk og område.

Trykk på legg til språk… -> Skriv inn Norsk nynorsk i søkjefeltet, trykk på Norsk nynorsk og vel Foretrekker norsk nynorsk. Då vil det på telefonen visast: Oppdaterer språk…

Døme 1 på iPhone
1: Norsk nynorsk
2: Norsk bokmål = iPhone-språk (systemspråk)

Med desse innstillingane vil appar som er tilgjengelege på Norsk nynorsk visast på Norsk nynorsk.

nyNorsk på iPhone, iPad eller iPod (iOS)

9. Norsk nynorsk må alltid liggje øvst i lista for at støtta program skal visast på Norsk nynorsk.
Legg til ‹‹Norsk nynorsk›› øvst i lista for å få omsette appar på nynorsk i iOS.

For å få t.d. appar som  LastPassnynorsk i iPhone, iPad, eller iPod (iOS), må du legga til ‹‹Norsk nynorsk›› øvst i lista under «ØNSKET REKKEFØLGE AV SPRÅK» i «Språk og region» i innstillingane på eininga di.

KJAPP FORKLARING FOR iPhone
Gå på: Instillinger -> Generelt -> Språk og region -> Legg til språk -> Skriv inn: Nynorsk -> Ferdig -> Foretrekk norsk nynorsk -> iPhone oppdaterer språkvalet. 🙂

DETALJERT FORKLARING FOR iPhone
1. Opne «Instillinger», skroll ned og trykk på «Generelt»
2. Skroll ned og trykk på «Språk og region»
3. Trykk på «Legg til språk»
4a Skriv inn Norsk, marker Norsk Nynorsk og trykk på «Ferdig»
ELLER
4b Skriv inn Nynorsk, marker Norsk nynorsk og trykk på «Ferdig»

MERK! Av ein eller annan merkeleg grunn vert resultatet i søket tomt om ein skriv inn «Norsk nynorsk».

5. Trykk på «Foretrekk norsk nynorsk»
6. iPhone oppdaterer språkvalet
7. Menyspråket i appar som LastPass er no Norsk nynorsk.
8. I tillegg vil vekedagane i Kalender visast på Norsk nynorsk.

Merk! Norsk nynorsk i appar på iOS gjeld for dei som har tilgjengeleg omsetjing.