Firefox har kome med ein sikkerheit- og stabiliseringsoppdatering. Merknader til utgjevinga finn du her, og ei teknisk detaljert oversikt her.
Last ned:
Teikneprogramme TuxPaint for barn, har kome med ei oppdatering til versjon 0.9.20. Pressemelding kan lesast her. Programmet er mellom anna tilgjengeleg for Windows, Mac og Linux. Pakkar for Debian, Ubuntu og Slackware Linux er er venta å kome snart.
Vel språk i innstillingane:

Opera har kome med ei sikkerheits- og stabiliseringsoppdatering. Det er og gjort nokre finjusteringar i brukargrensesnittet.
Nokre av nyhenda i Opera 9.51
Dessutan skal sikkerheitshol vere tetta, og nokre problem i samband med oppgradering frå Opera 9.2 vere fiksa.
Les heile endringsloggen her
Laste ned
Språkfiler og handsaming av språkfiler
Språkfiler finn du her
Du kan og laste ned småprogram (widgets) og drakter (skins)
Merk! Riks-TV boksen frå Humax har ei trykt brukarrettleiing, men ingen menyar på norsk (nynorsk), som Noregs Mållag annnoserte i Norsk Tidend i april 2008 (annonse side 18 og omtale side 14) at mottakaren skulle ha.
Humax har fått godkjent ein bakkmotakar (dekodar) –Humax CXHD-3000T– for Riks-TV opplyser NTV
Motakaren har mellom anna doble scart-kontakter, komponentvideo og HDMI. Du finn og sjølvsagt norske menyar, brukarrettleiing på skjermen -både på nno og nob- og programguide (EPG).
Enkeltkanalar kan blokkerast med foreldrekontroll, om du treng det. Det er lett tilgang til radiokanalane. Mottakaren har diverre ikkje MHP-teknologi for mottak av digital tekst-tv frå NRK.
Listeprisen er oppgitt til 1490,- kroner. Les meir på teknofil.no
Her kan du kjøpe Humax CXHD3000T:
Nettbutikken til Bergen TV & Antenneservice
Nettbutikken til Oslo antenneservice
Nor Elektronikk AS er grossist for Humax i Noreg. Ønskjer du å selje Humax, trykk her
For dei som framleis brukar Firefox 2 er det nettopp kome ut ei sikkerheit- og stabiliseringsppdatering. Les merknader til utgjevinga her og tekniske detaljar her. Det vil vere vedlikehald på denne utgåva til midten av desember 2008.
Mozilla tilrår likevel på det sterkaste alle brukarar å oppgraderer til Firefox 3
Last ned: