Norsk (nynorsk) språkval i Android

App-språk og tastatur på Norsk (nynorsk)
For at appar som har Norsk (nynorsk) skal kunne vise Norsk (nynorsk) på telefonen/nettbrettet ditt, må du leggje til Norsk (nynorsk) i språkinnstillingane på telefonen/nettbrettet og velje det som standard.
Nedanfor vert det vist korleis du vel Norsk (Nynorsk) app-språk og tastatur i språkinnstillingane.

App-språk
Eining med Norsk (bokmål) eller English som systemspråk:
-> Innstillinger (Settings)
-> Generell styring (General management)
-> Språk (Language)
-> Legg til språk (Add language)
-> Hamburgarmeny: Alle språk (All languages)
-> Skroll ned og vel: Norsk nynorsk.
-> Angi som standard (Set as default)

Tastatur
Dette dømet er frå nettbrettet Samsung Galaxy A7
-> Innstillinger (Settings)
-> Generell styring (General management)
-> Språk og inndata
-> Tastatur på skjerm *Samsung-tastatur
-> Språk og typer
-> Administrer inndataspråk
-> Last ned og vel: Norsk (nynorsk)

No vil du få appar som har Norsk (nynorsk) val på norsk).
No vil du få ordforslag på Norsk (nynorsk) når du skriv i appar, i tillegg til at systemet ikkje overkøyrer det du skriv med Norsk (bokmål).

Dette dømet er henta frå eit Samsung-nettbrett.

Vurdering av Android
Kan appar med Norsk (nynorsk) visast i Android: JA 🙂⁠
Kan Norsk (nynorsk) tastatur stillast inn: JA 🙂⁠
Har Android Norsk (nynorsk) systemspråk: NEI 😦⁠

Skjerp dykk Android. Dette kan gjerast betre!

Reklame

Mobil-ordbok ute i beta-versjon

ordbøkeneNynorskordboka og Bokmålsordboka er no ute i ein betaversjon for både iOS og Android. Du kan som vanleg velje å søkje i anten Nynorsk, Bokmål eller begge ordbøkene. Endeleg versjon av appen, med forbetringar, vert sleppt i august. Last ned og slå opp!

 

Du kan laste ned beta-versjonane her:
iOS

Android

Kva språk appen skal vere på, Nynorsk, English, eller Bokmål, veljer du internt i appen når du lastar han ned og installerer han.

Frå og med 7. juli 2017 kan du prøve ut appen Ordbøkene til mobiltelefonen din. Appen er gratis og gjev tilgjenge til Nynorskordboka og Bokmålsordboka på same måte som nettversjonen. Han kan òg nyttast når ein ikkje har tilgjenge til nettet.
Appen Ordbøkene er utvikla for iOS og Android, og kan lastast ned frå App Store eller Play Store.
Vi gjer merksam på at dette er ein betaversjon som framleis er under uttesting. Ein vil derfor kunne finne feil og manglar. Endeleg versjon vil bli lansert medio august 2017.»

Aktuell artikkel
No er det snart ingen grunnar for å skrive feil (Framtida.no)

SwiftKey for iOS støttar no norsk på nynorsk

SwiftKey
Http://swiftkey.com/en

SwiftKey Keyboard har fått støtte for Norsk på nynorsk på iOS (iPhone, iPad).
Last ned appen gratis frå App Store.
Hugs å oppdatere appen om du har han frå før.

Slik slår du på SwiftKey:

IMG_2962

Aktuelle artiklar:

Endeleg nynorsk på iPhone og iPad

SwiftKey for iOS brings support for 100+ languages, design refresh and animated themes!

SwiftKey beta med nynorsk tastatur

image

Tastaturet SwiftKey beta med nynorsk er tilgjengeleg for Android i Google Play. Frå no av slepp du at «ikkje» og fleire vert til «ikke» og «flere». Den ferdige versjonen av SwiftKey med nynorsk kjem 21. juli (2016)

Framtida skriv:
«
Det er likevel ikkje berre jubel – for oppdateringa som kjem neste torsdag finst berre på Android. Ifølgje Laskey i Swiftkey har ikkje selskapet konkrete planar om å lansera nynorsk på iPhone enno, men at det er mogleg å ønska seg det her.»

Kjelder
Endeleg! Mobiltastatur på nynorsk (Framtida og LNK)
Lanserer første mobiltastatur på nynorsk (Vikebladet Vestposten)

Allkunne fasar ut appar

Alkunne har fått responsiv nettside, som tilpassar seg automatisk til alle skjermar, og fasar difor ut appane for Android og iOS. Om ein opnar Allkunne-appen i iOS (eller Android), får ein no opp ei melding som seier at app’en er ute av drift.

Allkunne fasar no ut appane for iOS og Android.
Allkunne fasar no ut appane for iOS og Android.

Allkunne.no med nye responsive nettsider.
Alkunne med ny responsiv nettside som tilpassar seg automatisk til eininga ho vert vist på.

FRAM Billett for iOS og Android

FRAM Billet for Kristiansund kommune på iOS
FRAM Billet for Kristiansund kommune på iOS

«Norsk nynorsk» må alltid liggje øvst i lista for at støtta program skal visast på «Norsk nynorsk».
«Norsk nynorsk» må alltid liggje øvst i lista for at støtta program skal visast på «Norsk nynorsk».

Med Fram Billett kan du kjøpe enkeltbillet til bruk på buss i Kristiansund kommune.

Nedlasting
FRAM Billett i iTunes Preview
FRAM Billett på Google Play

«Fram har fleire mobil-appar under utvikling.»

iPhone-språk
«Norsk nynorsk» må alltid liggje øvst i lista for at støtta program skal visast på «Norsk nynorsk».
Detaljert rettleiing her

 

MR ferjeruter, app for iOS, Android og WP

MR ferjeapp, iOS
MR ferjeapp frå FRAM på iOS

Fram er ute med ein svært funksjonell app for ferjeruter i Møre og Romsdal. Appen inkluderer funksjonar som I nærleiken, Favorittar, Alfabetisk, kartvising og ikkje minst ruteinformasjon i sanntid.

Nedlasting
MR ferjeapp i iTunes Preview
MR ferjeapp på Google Play
MR ferjeapp for Windows Phone

Omtale
NRK MR: Ny app viser om ferja er i rute

Mitt skip er lasta med og andre Artel Larsen-appar på Nynorsk

Artel Larsen sine kortreiste appar får du både på bokmål og nynorsk.

Programma kan nyttast på Windows 8, PC eller nettbrett

I Windows trykkje du på Windows-ikonet i hjørnet og deretter på det grøne Store-ikonet. Skriv til dømes inn «Mitt skip er lasta med», eller «ARTEL Larsen» i søkjefeltet oppe i hjørnet der det står «Søk etter appar».

Appliste her for iPad (og nokre for Androird-nettbrett)

Mitt skip er lasta med frå ARTEL Larsen - nynorsk
Mitt skip er lasta med frå ARTEL Larsen – nynorsk

Mitt skip er lasta med - forklaring
Mitt skip er lasta med – forklaring