GiroUtskrift frå TotalData er som namnet seier eit program for å skrive ut giroar. Dei første 25 utskriftene er gratis. Deretter må ein betale for programmet.
Last ned
GiroUtskrift for Windows på norsk
Månad: juni 2008
Firefox 3
Firefox 3 er lansert på meir enn 45 ulike språk. Les versjonsnotatet her og pressemeldinga her. Det er og verdt å merkje seg at Firefox.no har vorte blogg.
Last ned:
På denne sida finn du ei oversikt over utvidingar (Add-ons) som er tilgjengelege for Firefox 3. Du kan og gå på Verktøy > Utvidingar i sjølve nettlesaren for å søkje og bla i alle utvidingane. Brukarstøtte finn du på Firefox Support.
Om Firefox 3
«Firefox byr på både nynorsk og bokmålsutgåver, og sjølv om eg ikkje har nytta nynorsk sidan skuletida, og det er lenge sidan, verkar oversettinga god og intuitiv. Bokmålsutgåva er som vi har sett tidlegare, medan nynorskutgåva er særs godt utarbeida.» Frode Haugen i teknofil.no
Aasen-minnepinne
Ivar Aasen-tunet har lansert ein Aasen-minepinne med ekslusivt innhald og utsjånad.
Kjøp Aasen-minnepinnen her
Aasen-tunet skriv f;lgjande om minnepinnen:
«Minnepinnen inneheld Nordmannen (Mellom bakkar og berg) i ulike variantar: Handskrifta til Ivar Aasen, forfattarens siste versjon frå Symra (1863), ein versjon i modernisert språkdrakt, notar og mp3-fil. I tillegg kan du lese ein artikkel frå Dag og Tid om Nordmannen.
Digitaliseringa av handskrifta er ikkje tilgjengeleg for publikum nokon annan stad.» Artikkelen om dei kreative ungdommane som hadde ideen til minnepinnen, kan du lese her
Eit ekslusivt ferdaminne (suvenir)
Det er sjølvsagt innhaldet og utforminga av denne minnepinnen som gjer han eksklusiv, ikkje MB og pris.
Opera 9.5 ute

Opera 9.5 er ute. Dette er den største oppdateringa av Opera på to år. Les meir i endringsloggen. Språk veljer du i installeraren.
Du kan og laste ned småprogram (widgets) og drakter (skins)
Les meir:
OpenOffice.org 2.4.1
OpenOffice.org 2.4.1 er ute. Les om endringane her.
Sjå og OOo-nedlasting for fleire versjonar
NRK nettradio for skrivebord
På nrk.no kan du laste ned ein skrivebordsradio som gjev deg alle NRK sine radiokanalar tilgjengeleg direkte på skrivebordet ditt. Språk veljer du i Innstillingar.
For å installere NRK Desktopradio treng du:
Legacy 7.0
Skype 3.8.0.139
Skype er oppdatert til versjon 3.8.0.139. I denne versjonen er mellom anna programtillegga til Firefox og Explorer oppdaterte i tillegg til nokre sikkerheits- og bug-fiksar. Les versjonsnotatet (engelsk).
1: Oppdater til siste versjon
2: Last ned tilhøyrande språkfil:
NorwegianNynorsk_3.8.0.139_20080611_svindseth.lang
3: Handsaming av språkfila
Klikk eller høgreklikk på fila og …
Lagre fila i: C: > Programfiler > Skype > Phone
Opne fila: Verktøy > Vel språk > Hent eiga språkfil > C: > Programfiler > Skype > Phone
Dobbelklikk på fila og vips så er Skype nå norsk.
4: Registrer eit Skype-namn om du ikkje allereie har eit
Skype 3.8.0.139 – klikk for større bilde
Feedreader 3.13
Feedreader er oppdatert til versjon 3.13. Det er lagt til nokre nye funkjsonar som du kan lese om her.
- Last ned Feedreader 3.13 (frå FileForum)