Mediaspelaren VLC er ute i versjon 1.1.7. Endringsloggn finn du her.

Last ned VLC på norsk (nynorsk)
VLC Mediaspelar 1.1.7 for Windows

Versjonar for Mac og Linux m.m. finn du her

Språkinnstilling
Verktøy -> Innstillingar -> Grensesnitt -> Språk -> Nynorsk

VLC er ein avansert open kjeldekode-multiplattform mediaspelar for Windows, Mac og Linux. Mediaspelaren les dei fleste lyd- og videoformat som t.d. H.264, Ogg, DivX, MKV, TS, MPEG-2, mp3, MPEG-4, aac, i tillegg til DVD-ar, CD-ar, VCD-ar og ulike direkteoverføringsprotokollar (streaming). Ei fullstendig liste over funksjonane finn du her.

VLC kan òg brukast som ein media-omformar (converter) eller ein tenar for å direkteoverføre (streame) i unicast eller multicast i IPv4 eller IPv6 på nettverk. Merk! VLC Mediaspelar er ikkje 100 % omsett til norsk enno og nokre av menyane vil difor vere på engelsk.