Miro videospelarMiro er oppatert til versjon 3.0.2.

Miro er ein gratis HD-videospelar  tilgjengeleg for Windows, Mac og ymse Linux-distribusjonar. Ei oversikt over alle plattformer Miro er tilgjengeleg på finn du her.

Last ned

Miro 3.0.2 for Windows

Miro 3.0.2 for Mac

Språkinnstilling i Windows
Opprett miljøvariabelen: «MIRO_LANGUAGE» med verdien «nn». Slik gjer du det i Windows Vista:

Gå på Start > Kontrollpanel > System og vedlikehald > System > Avanserte systeminnstillingar > Miljøvariablar

  • Vel Ny.
  • I Ny brukarvariabel skriv du inn Variabelnamn: «MIRO_LANGUAGE» og Verdinamn: «nn» (utan hermeteikn) og klikkar «OK».

Framgangsmåten er sannsynlegvis nokolunde lik for andre Windows- versjonar.

Språkinnstilling for Mac
Lat att Miro og opne System Preferences/Systeminnstillingar. Klikk International/Internasjonal (flagget), klikk Edit List/Rediger Liste. Ta så vekk avkryssinga for alle språka du ikkje ønskjer, kryss av for Norsk (nynorsk) og start Miro på nytt.

Miro 3.0.1