Siste utgåve av mediespelaren VLC er versjon 2.0

Endringslogg

Last ned VLC mediespelar 2.0 for Windows, OSX, iOS og  Linux med meir

Språkinnstilling: Verktøy -> Innstillingar -> Grensesnitt -> Språk -> Nynorsk

Om mediespelaren VLC
VLC
er ein avansert open kjeldekode-multiplattform mediespelar for Windows, Mac og Linux.

Han les dei fleste lyd- og videoformat som t.d. H.264, Ogg, DivX, MKV, TS, MPEG-2, mp3, MPEG-4, aac, i tillegg til DVD-ar, CD-ar, VCD-ar og ulike direkteoverføringsprotokollar (streaming). Ei fullstendig liste over funksjonane finn du her.

VLC kan òg brukast som ein media-omformar (converter) eller ein tenar for å direkteoverføre (streame) i unicast eller multicast i IPv4 eller IPv6 på nettverk.

Merk! VLC Mediespelar er ikkje 100 % omsett til norsk enno og nokre av menyane vil difor vere på engelsk. Framdrift for omsetjinga ser du på: VideoLAN internationalization VLC media player translation statistics