pidgin

Pidgin er oppdatert til versjon 2.7.10. Endringsloggen finn du her.

Last ned Pidgin 2.7.11 for Windows

Pidgin installer language

Pidgin er eit prateprogram. Du kan m.a. bruke det saman med MSN, Yahoo!, Google Talk og ICQ. Programmet køyrer på Windows, Linux og andre UNIX-operativsystem. Om du ønskjer Pidgin for Mac kan du prøve Adium

Hjelp
Få hjelp her.

Programtillegg
Hent programtillegg her.

Pratenettverk du kan bruke i Pidgin
XMPP-protokollen kan du bruke til Facebook-prat.
AIM, Bonjour, Gadu-Gadu, Google Talk, Groupwise, ICQ, IRC, MSN, QQ, SILC, SIMPLE, Sametime, Zephyr. Yahoo!

Språkinnstilling
Om Pidgin ikkje installerer seg med korrekt språk på maskina di under Windows, (sjølv om du har installert t.d. denne norske LIP-en frå Microsoft), er løysinga å opprette miljøvariabelen: PIDGINLANG=nn. I Windows Vista gjer du de slik: Gå på Start > Kontrollpanel > System og vedlikehald > System > Avanserte systeminnstillingar > Miljøvariablar og Vel Ny. I Ny brukarvariabel skriv du inn Variabelnamn: «PIDGINLANG» og Verdinamn: «nn» (utan hermeteikn) og klikkar «OK».
Her er ein annan måte å gjere det på:
Kopiere nn-fila -som ligg på C: > Programfiler > Pidgin > locale – over nb-fila. Framgangsmåten er sannsynlegvis nokolunde lik for andre Windows-versjonar