VLC Mediaspelar er oppdatert til versjon
1.1.6
Endringsloggn finn du her.
VLC er ein avansert open kjeldekode-multiplattform mediaspelar for Windows, Mac og Linux. Mediaspelaren les dei fleste lyd- og videoformat som t.d. H.264, Ogg, DivX, MKV, TS, MPEG-2, mp3, MPEG-4, aac, i tillegg til DVD-ar, CD-ar, VCD-ar og ulike direkteoverføringsprotokollar (streaming). Ei fullstendig liste over funksjonane finn du her.
VLC kan òg brukast som ein media-omformar (converter) eller ein tenar for å direkteoverføre (streame) i unicast eller multicast i IPv4 eller IPv6 på nettverk. Meir om spelaren her. Merk! VLC Mediaspelar er ikkje 100 % omsett til norsk enno og nokre av menyane vil difor vere på engelsk.
Last ned
VLC Mediaspelar 1.1.6 for Windows – Fleire versjonar her
Mac versjonar finn du her
Linux-versjonar finn du her
Språkinnstilling
Verktøy -> Innstillingar -> Grensesnitt -> Språk -> Nynorsk