pidgin

Pidgin er oppdatert til versjon 2.7.9. Les endringsloggen her.

Pidgin er eit prateprogram. Du kan m.a. bruke det saman med MSN, Yahoo!, Google Talk og ICQ. Programtillegg for Pidgin finn du her. Hjelp finn du her. Programmet køyrer på Windows Linux og andre UNIX-operativsystem. Om du ønskjer Pidgin for Mac kan du prøve Adium

Last ned

Pidgin 2.7.9 på norsk (nynorsk) for Windows

Pidgin installer language

Fullstendig liste over pratenettverk du kan bruke saman med Pidgin
AIM – Bonjour – Gadu-Gadu – Google Talk – Groupwise -ICQ – IRC – MSN – QQ -SILC – SIMPLE – Sametime – XMPP – Merk! XMPP-protokollen kan du bruke til Facebook-prat. – Yahoo! – Zephyr.

Språkinnstilling
Om Pidgin ikkje installerer seg med korrekt språk på maskina di under Windows, (sjølv om du har installert t.d. denne norske LIP-en frå Microsoft), er løysinga å opprette miljøvariabelen: PIDGINLANG=nn. I Windows Vista gjer du de slik:

Gå på Start > Kontrollpanel > System og vedlikehald > System > Avanserte systeminnstillingar > Miljøvariablar og Vel Ny. I Ny brukarvariabel skriv du inn Variabelnamn: «PIDGINLANG» og Verdinamn: «nn» (utan hermeteikn) og klikkar «OK».

Her er ein annan måte å gjere det på:
Kopiere nn-fila -som ligg på C: > Programfiler > Pidgin > locale – over nb-fila. Framgangsmåten er sannsynlegvis nokolunde lik for andre Windows-versjonar