Miro videospelar Mediaspelaren Miro er ute i versjon versjon 3.5.1

Last ned Miro på norsk (nynorsk)
Miro 3.5.1 for Windows
Miro 3.5.1 for Mac

Miro er ein gratis HD-videospelar  tilgjengeleg for Windows, Mac og ymse Linux-distribusjonar. Ei oversikt over alle plattformene Miro er tilgjengeleg på finn du her.

Miro 3.5.1

Språkinnstilling i Windows
Opprett miljøvariabelen: «MIRO_LANGUAGE» med verdien «nn». Slik gjer du det i Windows Vista:
Gå på Start > Kontrollpanel > System og vedlikehald > System > Avanserte systeminnstillingar > Miljøvariablar. Vel Ny. I Ny brukarvariabel skriv du inn Variabelnamn: «MIRO_LANGUAGE» og Verdinamn: «nn» (utan hermeteikn) og klikkar «OK». Framgangsmåten er sannsynlegvis nokolunde lik for andre Windows- versjonar.

Språkinnstilling for Mac
Lat att Miro og opne System Preferences/Systeminnstillingar. Klikk International/Internasjonal (flagget), klikk Edit List/Rediger Liste. Ta så vekk avkryssinga for alle språka du ikkje ønskjer, kryss av for Norsk (nynorsk) og start Miro på nytt.