Gimp 2.6Gimp er eit gratis bildebehandlingsprogram for Windows, Mac og Linux.
Utgjevingsmerknadene finn du her.

Last ned

Gimp 2.6.8 for Windows – Gimp 2.6.8 for Mac

Språkinnstilling i Windows
Har du innstallert ein av desse Windows-språkpakkane (LIP), vil mest sannsynleg rett språk installere seg av seg sjølv. Elles er framgangsmåten denne: Opne programmet Notisblokk og skriv inn følgjande:

set lang=nn
start gimp-2.6.exe

Namngje dokumentet: gimp-nn.bat
Lagre dokumentet her: C: -> Programfiler -> Gimp – 2.0 -> bin
Høgreklikk på dokumentet og vel Send til -> Skrivebord for å lage ein snarveg.
denne sida finn du meir info om korleis du endrar språk.

Hjelp
Det finst hjelpefiler på norsk for Gimp som du kan laste ned og installere. Hjelpefilene vert opna i nettlesaren din. For at dette skal verke, gå på Rediger -> Brukarinnstillingar -> Hjelpesystemet og stil inn følgjande:
Brukarhandbok: Bruk ein lokal installert kopi
Vis hjelpefilene i Nettlesar

Last ned

Norsk hjelp for Gimp 2.6

Resurssider
Stuestøl: GIMP – klikkar du deg rundt på denne sida får du vite det meste
Ofte stilte spørsmål (FAQ)