Ordrik 

Ordrik er ei synonymordliste frå Nynodata. Ordlista inkluderer omsettingar frå bokmål. Programmet vert installert som fullintegrert synonymordliste i Microsoft Office.

Om du vil vite meir om programmet før du kjøper det, kan du laste ned Brukarrettleiinga for Ordrik (PDF) og sjå ein demo av programmet.

Frå brukarrettleiinga for Ordrik:
«Ordrik er laga for deg som skriv nynorsk og er særleg nyttig i to situasjonar. Når du sit og skriv og vil finne andre måtar å uttrykkje deg på, kan du slå opp i synonymordlista og finne alternative ord. Eller kanskje hugsar du berre bokmålsordet og kjem ikkje på kva det same heiter på nynorsk. Då kan du slå opp i Ordrik og finne forslag til nynorsk omsetting!»