Prateprogrammet Pidgin
pidgin

Pidgin 2.6.1 for Windows er ute.I denne versjonen er mellom anna ein feil retta der programmet krasjar når nokon sender deg ei lenkje i Yahoo IM. Endringsloggen finn du her. Programtillegg for Pidgin finn du her. Hjelp finn du her.

Prateprogrammet Pidgin kan du m.a. bruke saman med MSN, Yahoo!, Google Talk og ICQ.

Prateklienten/Lynmeldingsprogrammet køyrer på Windows Linux og andre UNIX-operativsystem. Om du ønskjer Pidgin for Mac kan du prøve Adium

Alle pratenettverka du kan bruke saman med Pidgin
AIM, Bonjour, Gadu-Gadu, Google Talk, Groupwise, ICQ, IRC, MSN, QQ, SILC, SIMPLE, Sametime, XMPP, Yahoo!, Zephyr

Last ned

Pidgin 2.6.1


Språkinnstilling

Pidgin installerer seg (sannsynlegvis) ikkje med korrekt språk på maskina di under Windows Vista,

(sjølv om du har installert denne norske LIP-en frå Microsoft,)

Løysinga er å opprette miljøvariabelen: PIDGINLANG=nn

Gå på: Start > Kontrollpanel > System og vedlikehald > System > Avanserte systeminnstillingar > Miljøvariablar

  • Vel Ny. I Ny brukarvariabel skriv du inn Variabelnamn: «PIDGINLANG» og Verdinamn: «nn» (utan hermeteikn) og klikkar «OK».

eller

  • Kopiere nn-fila -som ligg på C: > Programfiler > Pidgin > locale – over nb-fila.

Framgangsmåten er sannsynlegvis rimeleg lik for Windows XP