Firefox 3.1 Beta 2 er ute med mellom anna Privat nettlesing og «multitouch gestures». Merknader til utgjevinga les du her og om kjende problem her.

Privat nettlesing
Ein av dei nye funksjonane er altså Privat nettlesing. Funksjonen finn ein under Verktøy. Om du veljer dette moduset, vil følgjande skje:

Ingen historikk vert loggført av Firefox i denne nettlesarøkta. Dette gjeld nettlesarhistorikk, søkjehistorikk, nedlastingshistorikk, skjema, infokapslar og mellombelse Internett-filer. Merk at filer du lastar ned og bokmerker du lagar vil bli tatt vare på.

For å avslutte Privat nettlesing fjernar du avkryssinga frå Verktøy > Privat nettlesing.

«Multitouch gestures»
I januar i år kom Apple med «multitouch gestures» på dei berbare maskinene sine. Firefox 3.1 Beta 2 støttar «multitouch gestures»:

Drag mot venstre > Tilbake i netlesarhistorikken
Drag mot høgre > Framover i nettlesarhistorikken

Drag oppover > Gå til toppen av nettside
Drag nedover > Gå til botnen av nettside

Knipe saman > Skalere

Rotere > Neste/Førre fane

Merk! Ein kan ikkje rekne med at alle utvidingane verkar i denne beta-versjonen.

Last ned :

Firefox 3.1 Beta 2

Firefox 3.1 Beta 2

Firefox 3.1 Beta 2

Alle dei over 50 tilgjengelege språkversjonane av Firefox Beta 2 finn du her

Aktuell artikkel: Firefox får nytt fanesystem (ITavisen)