Notepad++ er for dei som ønskjer noko meir enn WordPad. Programmet er gratis og bygd på open kjeldekode. Redigeraren (editoren) støttar fleire programerings- og markupspråk.

1: Last ned Notepad ++

2: Last ned den tilhøyrande norske språkfila npp_no-nn (zip-fil).

3: Handsam språkfila.
I språkfilpakken finn du sjølve språkfila (nativelang) og ei les meg-fil med instruksjonar om korleis du skal handsame språkfila. Du kan og gå til denne sida for meir informasjon.

Notepad ++ vert omsett til norsk av Thomas Bernes.