Opera 9 - Innovation delivered
Opera Software har sleppt ein ny versjon av nettlesaren sin der to sikkerheitshol er retta.

Det mest alvorlege holet har med brukarar som les e-post og nyheitsgrupper med eit anna program enn Opera. Holet i Opera kan føre til at tredjeprogrammet vert køyrt på feil måte. Dette kan føre til at ein angripar får høve til å køyre skadeleg kode på pc-en

Det andre holet gjeld surfing på nettsider som bruker rammer (“frames”). Dersom brukaren surfar mellom rammer i ulike nettsider, kan skript i den eine ramma overskrive funksjonar i den andre.